Ein tropp på ca 50 stk frå SIL langrenn ankom Ramundberget onsdag ettermiddag/kveld.
Torsdag var det klart for første økt på ski. Det vart to økter klassisk stil i løypene i Bruksvallarna. Løypene der var ikkje tilgjengelege resten av samlinga, grunna Bruksvallsloppet. Mange tok seg ein tur til Bruksvallarna på fredag, for å få med seg løpet til Petter Northug.
Fredag - søndag hadde løparane kjempefine treningsforhold i løypene mellom Ramundberget og Bruksvallarna. Der var det vel 8 km løype for både klassisk og fri.
Pausane mellom øktene vart bruka til litt forskjellig. Svømming, bordttennis, kortspel, aking, snøballkrig, shopping i Funesdalen, strikking og avslapping for å nemne noko. Etter ei langøkt søndag føremiddag, kjørte dei fleste heim, medan gjengen frå Meråker fortset veka med skulesamling.